Av Elisa Kolle
I helga vart årets Forskingsdagar avvikla, og humaniora var godt representert. Språk, Henrik Wergeland og lukke var tre felt som vart forska på av store og små.
Foto: Paul Sigve Amundsen
Nyskapinga "Språknøttene" var ein forskingsstasjon med eige språkorakel og ordsmie. Der kunne ein teste språkkunnskapane sine, få svar på spørsmål og prøve seg som språkforskar.
Ann-Kristin Molde, stipendiat ved LLE, tok initiativet til forskingsstasjonen.
- Eg ville gjerne bidra med noko på Forskingsdagane, og etter kvart dukka idéen om ein språkleg forskingsstasjon opp, fortel Molde. Ho ønska ein ung profil på prosjektet og fekk napp hos fleire masterstudentar på nordisk. I tillegg hadde dei med seg amanuensis Ivar Utne og professor Helge Dyvik som språkorakel.
- Tidlegare har mykje av humanistisk forsking blitt formidla elektronisk, det ville me unngå her, seier Molde. Så i staden for å stå framfor ein dataskjerm fekk publikum ei fysisk oppgåve, og møtte forskarar som gav dei rettleiing i oppgåveløysinga. Dette krever ein heil del mannskap, til ei kvar tid var det ni personar på post.
- No er me ganske slitne, kan Molde fortelje, det var mykje arbeid og høgt tempo. Men ho er svært godt nøgd med arrangementet og kan vise til gode besøkstal. Det kom inn om lag 240 svar på konkurransen, i tillegg var det fleire innom språkorakelet. Det var stort press gjennom heile helga, og stasjonen hadde rett og slett ikkje kapasitet til fleire besøkande. Molde og resten av laget planlegg å følgje arbeidet opp i ein eller annan form, og kanskje blir det nytt prosjekt ved forskingsdagane 2009?
Wergeland i ny språkdrakt
Også innan andre prosjekt var humanistisk forsking representert. Mellom anna deltok førsteamanuensis Jørgen Sejersted i skuleprosjektet ”Barnas Wergeland” i samarbeid med Fjellsdalen skule. I samband med Wergelandsjubiléet i år skulle 6. klasse ved skulen arbeide med diktaren, og fekk hjelp til dette av Sejersted. Han var på skulebesøk to gonger, og hadde klassen med på omvising på universitetsområdet ein dag.
Wergeland sine dikt kan vere vanskeleg tilgjengeleg for born, men han var ein pionér i den forstand at han skreiv eigne bornedikt, og det var desse elevane jobba med. Sejersted hadde fleire forslag til korleis klassen skulle angripe tekstane, alle valde modernisering som metode. Så ulike grupper omskreiv ulike dikt i vår tids språkdrakt. Prosjektet vart lagt fram for publikum på Festplassen i helga. Klassen har også blogga om arbeidet.
Foto: Paul Sigve Amundsen
- Eg trur det var vellukka, elevane fekk nok større forståing for tekstane og også innblikk i historia rundt, fortel Sejersted. Elevane fekk også erfare at kunnskap er makt då NRK Radio laga reportasje om prosjektet. Ikkje uventa synest sjetteklassingane det var stas å kome på lufta på bakgrunn av det dei hadde lært om Wergeland, og vart godt motiverte for å halde fram med prosjektet.
Å finne lukka
I fjor fekk elevar frå Stavanger Katedralskule tildeling frå Holbergprisen i skulen for si forsking om lukke. Dette har mellom anna resultert i forskingsstasjonen ”Lykkejegerne”, som førstelektor Egil Olsvik ved FOF har vore med på å utvikle. Med seg på laget hadde han Karoline Skuseth som har bachelorgrad i estetiske fag frå HF.
Utfordringa var å presentere ein nokså uhandgripeleg tematikk på ein lærerik og spennande måte. Resultatet blei eit "lukkeskap". Borna som deltok skulle finne ut kva som gjorde dei lukkelege, og fekk velje tre lappar med stikkord på før dei gjekk inn i skapet. Vel inne måtte dei tenke nøye over kva av desse tre som var den viktigaste faktoren for lukke for dei, og denne siste lappen vart så hengt opp i eit lukketre.
- Det mest interessante er kanskje ikkje kva dei fleste valte, seier Olsvik, men kva lappar som vart verande igjen. Eit av alternativa var "å vere mett". Slike lappar var det ingen som valte med seg. Og to eller tre plukka med seg ein lapp der det sto "hevn". Dette seier noko om dei perspektiva og haldningane publikum har, meiner Olsvik. Dei mest populære lappane var "vere med vener", "familie" og "føle meg trygg".
Det var stor pågang også hos lukkejegerane. Ei uoffisiell teljing viser at 700 var innom, på førehand hadde stasjonen gått til innkjøp av store mengder drops, og 700 slike "lukkepiller" vart delte ut i løpet av helga. Noko av grunnen til det store besøkstalet kan vere at det var få konkurrerande stasjonar.
- Dette er ein spennande tematikk og noko heilt anna i eit veldig teknologisk dominert arrangement, seier Olsvik. Han meiner det heilt klart er rom for sterkare HF-profilering under Forskingsdagane, og har lyst til å gjennomføre noko med utspring i filosofimiljøet neste år.
Elevane frå Stavanger som starta prosjektet med lukkeforsking i fjor trivdes godt på forskingsstasjonen. For dei var dette eit foreløpig punktum i ein lang og lærerik prosess, og dei synest det var svært moro å sjå at prosjektet kom slik opp i dagen som det gjorde under arrangementet, fortel Olsvik.
Førsteamanuensis Lars Svendsen ved FOF heldt også foredrag om lukkeforskning på Festplassen.
Foto: Paul Sigve Amundsen
Det humanistiske fakultet