Av Elisa Kolle
Førre veke vart den femte og siste internasjonale konferansen på forskingsprosjektet ’Landslide of the Norm’ avvikla på Solstrand Fjordhotel. Leiar for prosjektet, professor Ingunn Lunde ved IF, fortel om god stemning og spennande diskusjonar på konferansen.
Foto: Annika B. Myhr/Ingunn Lunde
Sidan 2005 har ei gruppe internasjonale forskarar samarbeidd om dette prosjektet, som tar for seg tilhøvet mellom språkleg frigjering og litterær utvikling i Russland i to ulike periodar; 1920-talet etter revolusjonen og 1990-talet etter sovjettida. Begge periodane er prega av store endringar i språk og språkbruk, reine lingvistiske normskred.
Hovudtema på denne siste konferansen var normforhandlingar rundt språk i Russland i dag. Dei omfattande endringane som finn stad går ikkje ubemerka hen, det oppstår diskusjonar rundt dei på mikro- og makronivå. Både dei meir prinsipielle debattane kring språkrøkt og dei små diskusjonane som utspelar seg gjennom bruken av språket, som språklek, ordspel og liknande, har innverknad på korleis det endrar seg. Gjennom innlegg og diskusjon vart slike tema utforska på Solstrand.
I alt 17 forskarar frå mange ulike land deltok på konferansen. Lunde fortel at i løpet av dei tre åra prosjektet har vore i gang har det blitt ei god og samansveisa gruppe.
- Det er ein fin balanse mellom junior- og seniorforskarar, og ulike nasjonalitetar. Etter kvart kjenner alle relativt godt til kvarandre og forskinga til den enkelte, noko som fører til ei kvalitetsheving for kvar konferanse, meiner Lunde. Men på same tid som kontinuiteten blir tatt vare på sørgjer ho alltid for å invitere nokre nye ansikt til kvar konferanse for å også få nye blikk på prosjektet. Alt i alt fører dette til eit godt klima for diskusjon.
På konferansen i år vart feltet kommunikasjon og normforhandlingar utforska også gjennom ekstrakurrikulære aktivitetar – ein kveld var avsett til halvannan times trommesirkel. Ein innleigd kurshaldar hadde med seg 20 ulike rytmeinstrument og sette deltakarane i gang.

Foto: Ingunn Lunde
"En trommesirkel er en kreativ måte å utforske dialog og metadialog - normforhandling - på. Ved å tromme sammen fikk vi noen nye innsikter i grunnforutsetningene for god og meningsfull kommunikasjon", skriv Lunde i bloggen sin om konferansen.
Innlegga frå konferansen skal no gis ut som artikkelsamling i UiB-serien Slavica Bergensia.
Prosjektet vil også gå vidare i form av ei veletablert internasjonal forskargruppe som kjem til å halde kontakt med kvarandre framover. Og fleire av deltakarane i Landslide-gruppa blir med inn i Ingunn Lundes nye prosjekt; 'Future of Russian: Language Culture in the Era of New Technology'.
Lenker:
Landslide of the Norm
(01.10.2008)
Det humanistiske fakultet