Overskrift

Innhald

Namn på studieprogrammet

Integrert lærarutdanning med master i framandspråk (5-årig)

Mål og innhald

Den integrerte lærarutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

 

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

 

Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

 

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

 

Framandspråkstudiet skal både gje teoretisk kunnskap om språk og  praktisk dugleik i språk. Emna kan her vere knytte til t.d. språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing, grammatisk analyse. Men eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve og ikkje minst litteratur. Gjennom tekstlesing er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i språkområdet som vert studert. På høgare nivå i studiet vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.

 

Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lærarutdanningsprogrammet. Studentane vert oppmoda om å velje eit anna språkfag i tillegg til masterfaget.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10).

Tilrådd forkunnskap:

Tilrådd startgrunnlag er 5-timars kurset i engelsk og fordjuping frå VKII i andre framandspråk.

 

I undervisning og pensum vert det lagt til grunn at studenten på førehand har teke examen facultatum: språk og språkvitskap.

 

 

Læringsutbytte/ resultat:

A)     Fagleg kunnskap

-          Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.

-          Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.

-          Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.

-          Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.

-          Studenten skal ha utvikla innsikt i danningspotensialet og kulturdimensjonen i faga.

-          Studenten skal kunne forstå språket og litteraturen som ein sentral del av kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn.

-          Studenten skal ha god språkføring.

-          Studenten skal ha utvikla evna til å uttrykkje seg på studiet sitt målspråk både munnleg og skriftleg.

 

B)     Tilrettelegging for elevars læring i faga

-          Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.

-          Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.

-          Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.

-          Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.

-          Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.

-          Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.

-          Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.

-          Studenten skal kunne vise innsikt  korleis elevar kan utvikle språk- og tekstkompetanse. 

-          Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.

 

C)    Profesjonskompetanse

-          Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.

-          Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.

-          Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.

-          Studenten skal  kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike  arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.

-          Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.

-          Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.

-          Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.

 

Innføringsemne

Ex.phil, PEDA111 og EXFAC00SK.

Obligatoriske emne og spesialisering

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte nedanfor.

 

Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.

 

Før avslutta studium skal studenten foreta ein munnleg presentasjon der studenten drøfter ei sjølvvalt problemstilling knytt til skole og læring i eit fag, inkludert studentens eiga grunngjevne ståstad. Presentasjonen kan vere knytt til studentens masteroppgåve.

 

På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70–110 sider, etterfylgt av ein munnleg eksamen.  Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Det er gjort nærmare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar. 

Tilrådde valemne

 

 

 

Rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester: Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HF, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SP, Examen facultatum: språk og språkvitskap, 10 stp.

- PEDA111, Pedagogikk, 10 stp.

- 5 dagar skuleerfaring

 

2. semester: Framandspråksfag A 100-nivå

- Fagemne, (sjå ulike modellar), 30 stp.

Engelsk: ENG101, ENG123

Fransk: FRAN101, FRAN103

Spansk: SPLA101, SPLA104

Tysk: TYS111, TYS112

 

3. semester: Framandspråksfag A 100-nivå

- Fagemne, (sjå ulike modellar), 25 stp

Engelsk: ENG106 og ENG122A eller ENG106A og ENG122

Fransk: FRAN114, FRAN105, FRAN106

Spansk: SPLA105, SPLA106, SPLA107

Tysk: TYS113, redusert versjon av TYS114

- Framandspråksdidaktikk, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk

 

4. semester: Det andre universitetsfaget, 100-nivå

- Fagemne, (sjå ulike modellar), 30 stp.

Engelsk: ENG101, ENG123 eller ENG124

Fransk: FRAN101, FRAN103

Spansk: SPLA101, SPLA104

Tysk: TYS111, TYS112

Nordisk: NOSP101, NOLI102

 

5. semester: Det andre universitetsfaget, 100-nivå

- Fagemne, (sjå ulike modellar), 20 stp.

Engelsk: ENG106A, ENG122A

Fransk: FRAN114, FRAN105

Spansk: SPLA105 og SPLA106 eller SPLA107

Tysk: redusert versjon av TYS113, redusert versjon av TYS114

Nordisk: NOSP120, NOLI103

- PEDA112, Pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk i andrefaget, 5 stp.

- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i andrefaget og PEDA112

 

6. semester: Framandspråksfag A 200-nivå

- Fagemne, (sjå ulike modellar), 25 stp.

Engelsk: ENG251 og ENG212A eller ENG252 og 211A

Fransk: FRAN201 eller FRAN203 og FRAN211 (redusert versjon av FRAN201) eller FRAN213 (redusert versjon av FRAN203)          

Spansk: SPLA201 eller SPLA202 eller SPLA203 og SPLA211 (redusert versjon av SPLA201) eller SPLA212 (redusert versjon av SPLA202) eller SPLA213 (redusert versjon av SPLA203)         

Tysk: TYS203, redusert versjon av TYS201 eller 202

- Framandspråksdidaktikk, 5 stp.

 

7. semester: Framandspråksfag A 300-nivå

- Fagemne, (sjå ulike modellar), 15 stp.

Engelsk: ENG301 eller ENG302

Fransk: FRAN301

Spansk: SPLA301 eller SPLA302 eller SPLA303

Tysk: TYS311

- PEDA113, Pedagogikk, 10 stp.

- Fagdidaktikk i andrefaget, 5 stp.

- 8 veker praksis

 

8. semester: Framandspråk A 300-nivå

- Fagemne, (sjå ulike modellar), 15 stp.

Engelsk: ENG305 eller ENG306 eller ENG307

Fransk: FRAN302

Spansk: SPLA301 eller SPLA302 eller SPLA303

Tysk: TYS314 eller TYS315

- PEDA114, Pedagogikk, 5 stp.

- Fagdidaktikk, 10 stp.

- 5 veker praksis

 

9. semester og 10. semester: Framandspråksfag A 300 nivå

XXX350, Mastergradsoppgåve, 60 stp.

 

Praksis gjev ikkje studiepoeng, men er ein obligatorisk del av pedagogikk og fagdidaktikk.

5 V

10

FAG A 350

 

5 H

9

FAG A 350

 

4 V

8

PEDA114 (5 sp)

Fagdid 301

(10 sp)

Fag A 300-nivå

(15 sp)

5 veker praksis (tilpassa)

4 H

7

PEDA113

(10 sp)

Fagdid fag B

(5 sp)

Fag A 300-nivå

(15 sp)

8 veker praksis

3 V

6

Fagdid 201

( 5 sp)

Fag A 200-nivå

(25 sp)

 

3 H

5

PEDA112     (5 sp)

Fagdid fag B

(5 sp)

Fag B 100-nivå

(20 sp)

5 dagar (knytt til PEDA112 og fagdidaktikkemne)

2 V

4

Fag B 100-nivå

(30 sp)

 

2 H

3

Fagdid 101

(5 sp)

Fag A 100-nivå

(25 sp)

5 dagar (knytt til fagdidaktikkemne)

1 V

2

Fag A 100- nivå

(30 sp)

 

1 H

1

PEDA111

(10 sp)

EXFAC00SK

(10 sp)

Ex.phil

 (10 sp)

5 dagar (knytt til PEDA111)

År

Sem.

 

Praksis og skuleerfaring

Delstudium i utlandet:

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Undervisningsmetodar:

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

 

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

 

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

 

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer:

I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Karakterskala eller greidd/ikkje greidd

Det vert nytta karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F.

 

Praksis og utvalde obligatoriske aktivitetar vert vurderte med greidd/ikkje greidd.

 

I følgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Krav til progresjon i studiet

Det stilles både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.

Undervisningsspråk

Det vert undervist på norsk og på framandspråket.

Oppnådd kompetanse for vidare studium

Kandidatane vil etter femårig integrert lærarutdanning oppnå mastergrad.

Yrkesvegar

Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar. Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.

Oppstart

Haustsemesteret

Evaluering

Emne- og programevaluering blir gjennomført med jamne mellomrom. Det kan nyttas ulike evalueringsformer.

Autorisasjon

 

Programansvarleg

Programstyret for lærarutdanning har overordna ansvar for lærarutdanninga ved UiB.

Lærarutdanningsutvalet har lokalt ansvar for lærarutdanningsprogramma ved Det humanistiske fakultet .

 

Administrativt ansvarleg (institutt/senter og person)

Programkoordinator for lærarutdanninga ved UiB, Nina Corinne Handing, og administrativ koordinator ved Det humanistiske fakultet, UiB, Inger Marie Hatløy.