|
Overskrift |
Innhald |
|
Namn på studie-programmet |
Integrert
lærarutdanning med master i nordisk (5-årig). |
|
Mål og innhald |
Den integrerte lærarutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som
utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den
vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med
solid fagkunnskap i minst to universitetsfag. Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med
vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og
tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og
pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk
yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av
vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng. Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget
studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege
arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med
omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og
omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar.
Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk
problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og
tilrettelegging for læring. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta
medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å
utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det
eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag,
undervisning og læring. Det fyrste studieåret i nordiskfaget er delt mellom eit språkleg og
eit litterært studium. Språkstudiet gir innsikt i korleis språket er oppbygt
som system, korleis språket har utvikla seg, og kva som er bakgrunnen for dei
variantane av skriftmål og talemål vi har i dag. Litteraturstudiet går inn på
nordiske litterære tekstar, litteraturhistorie og tekstteori, og gir innsikt
i sentrale forfattarskap, ulike sjangrar og kulturhistorie. På høgare nivå
vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. Namnet på faget understrekar eit nordisk perspektiv, men likevel vil
hovudtyngda i studiet liggje på norsk språk og norsk litteratur. I kor stor
grad studenten arbeider med nordiske eller reint norske fagområde, vil òg
studenten sjølv kunne avgjere. Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit
fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lærarutdanningsprogrammet. |
|
Opptakskrav |
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Politiattest (jfr.
forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10). |
|
Tilrådd forkunnskap: |
Tilrådd startgrunnlag er norskeksamen i felles allmenne fag ved
studieretning for allmenne fag frå vidaregåande skule. |
|
Læringsutbytte/ resultat: |
A) Fagleg kunnskap -
Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen
som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med
fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte. -
Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og
kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen
og samfunnet. -
Studenten skal kunne setje sentrale
styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng. -
Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte
grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som
grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og
tilrettelegging for elevars læring. -
kunne forstå samspelet mellom språk, litteratur og
samfunn, både historisk og i dag, -
ha korrekt og god språkføring, både i nynorsk og
bokmål. B) Tilrettelegging for elevars læring i faga -
Studenten skal kunne bruke faget og undervise i
det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer. -
Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale
og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre. -
Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa
undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt
spekter av framgangsmåtar. -
Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og
evne til å ta hand om eiga læring. -
Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til
den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen. -
Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til
vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag. -
Studenten skal kunne setje dei ulike delane
innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne,
samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over. -
kunne vise innsikt i korleis elevar kan utvikle
språk- og tekstkompetanse. C) Profesjonskompetanse -
Studenten skal ha forståing for den rolla faget og
skulen spelar for samfunnet som heilskap. -
Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving
overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og
skulens rolle. -
Studenten skal kunne bidra til eit godt
læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap. -
Studenten skal
kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling
beherske dei ulike arbeidsoppgåver som
elles ligg til lærarprofesjonen. -
Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere
organiseringsmåtar og styringsformer i skulen. -
Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som
gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar. -
Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre
undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat
munnleg og skriftleg. |
|
Innføringsemne |
Ex.phil, PEDA111 og EXFAC00SK |
|
Obligatoriske emne og
spesialisering |
I programmet inngår
obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte
nedanfor. Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars
skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om
lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og
undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare
informasjon, sjå emneplan for praksis. Før avslutta studium
skal studenten foreta ein munnleg presentasjon der studenten drøfter ei
sjølvvalt problemstilling knytt til skole og læring i eit fag, inkludert
studentens eiga grunngjevne ståstad. Presentasjonen kan vere knytt til
studentens masteroppgåve. På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på
70–110 sider, etterfylgt av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Prosjektet
for masteroppgåva skal vere godkjent i eit prosjektførebuande emne før
arbeidet tek til. Det er gjort meir
greie for masteroppgåvearbeidet i ein eigen emneplan. |
|
Tilrådde valemne |
|
|
Rekkjefølgje for emne i studiet: |
1. semester: Førstesemesterstudiet - EXPHIL-HF, Examen philosophicum, 10 stp. - EXFAC00SP, Examen facultatum: språk og
språkvitskap, 10 stp. - PEDA111, Pedagogikk, 10 stp. - 5 dagar skuleerfaring 2. semester: Nordisk 100-nivå - NOSP101, Grunnemne i nordisk språk, 15
stp. - NOLI102, Litteratur etter 1900, 15 stp. 3. semester: Nordisk 100-nivå - NOLI102, Litteratur etter 1900, 15 stp. - NOSP120, Valemne i nordisk språk, 10
stp. - NODI101, Norskdidaktikk, 5 stp. - 5 dagar skuleerfaring, knytt til
norskdidaktikk NOSP 120 kan avløysast av NOFI111. I tillegg
kan ein velje emna NORAN102A eller NORAN102B i staden for NOSP110 eller
NOSP120. 4. semester: Fag II, 100-nivå - Fagemne, med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk, 30 stp.
5. semester: Fag II, 100-nivå - Fagemne, (med tilrettelagt tilbod i
fagdidaktikk), 20 stp. - PEDA112, Pedagogikk, 5 stp. - Fagdidaktikk i fag II, 5 stp. - 5 dagar skuleerfaring, knytt til
fagdidaktikk i fag II og PEDA112 6. semester: Nordisk 200-nivå - NODI201, Norskdidaktikk, 5 stp. - NOLI208/209,Fordjupingsemne i nordisk
litteratur, 10 eller 15 stp. - NOSP208/209, Fordjupingsemne i nordisk
språk, 10 eller 15 stp. Studenten må velje det eine av
fordjupingsemna på 200-nivået som 15-studiepoengskurs og det andre som
10-studiepoengskurs. 7. semester: Nordisk 300-nivå - PEDA113, Pedagogikk, 10 stp. - Fagdidaktikk i andrefaget, 5 stp. - NOSP/NOLI308/309, Fordjupingsemne i
nordisk språk eller litteratur, 15 stp. (Studenten kan erstatte det faglege
fordjupingsemnet med anten eit språkteoretisk emne (NOSP311) eller fakultære
teoriemne (td LITTEHF). - 8 veker praksis 8. semester: Nordisk 300-nivå - NOLISP300, Prosjektførebuande emne - PEDA114, Pedagogikk, 5 stp. - NODI301, Norskdidaktikk, 10 stp. - 5 veker praksis 9. semester og 10. semester: Nordisk 300
nivå NOLISP350, Mastergradsoppgåve i nordisk,
60 stp. Praksis gjev ikkje studiepoeng, men er ein
obligatorisk del av pedagogikk og fagdidaktikk.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Delstudium i utlandet: |
Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet.
Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg
ansvarlege institutta. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Undervisningsmetodar: |
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske
grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom
studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar,
gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og
problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing
og praktisk bruk av digitale verkty. For nærmare informasjon, sjå dei
einskilde emneplanane. Læring gjennom
rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få
observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i
samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på
erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving. Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere
tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for
elevars læring og utvikling. I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane
oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Vurderingsformer: |
I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon
om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Karakterskala eller greidd/ikkje
greidd |
Det vert nytta
karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F. Praksis og utvalde
obligatoriske aktivitetar vert vurderte med greidd/ikkje greidd. I følgje Forskrift
om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av
Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om
universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd skal det gjennom heile studiet
gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og
sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er
vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet). |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Krav til progresjon i studiet |
Det stilles både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå
utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Undervisningsspråk |
Det vert undervist på norsk og på framandspråket. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Oppnådd kompetanse for vidare
studium |
Kandidatane vil etter femårig integrert lærarutdanning oppnå
mastergrad. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Yrkesvegar |
Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar.
Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med
undervisningsstilling som lektor i skulen. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Oppstart |
Haustsemesteret |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Evaluering |
Emne- og programevaluering blir gjennomført med jamne mellomrom. Det
kan nyttast ulike evalueringsformer. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Autorisasjon |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Programansvarlig |
Programstyret for lærarutdanning har overordna ansvar for lærarutdanninga
ved UiB. Lærarutdanningsutvalet har lokalt ansvar for lærarutdanningsprogramma
ved Det humanistiske fakultet. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Administrativt ansvarlig
(institutt/senter og person) |
Programkoordinator for lærarutdanninga ved UiB, Nina Corinne Handing,
og administrativ koordinator ved Det humanistiske fakultet, Inger Marie
Hatløy. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||