Forskarskulen i språkvitskap og filologi ved Det historisk-filosofiske fakultet , Universitetet
i Bergen, har som hovudmålsetjingar:
 |
å betre kvaliteten på utdanningstilbodet
for doktorgradskandidatane sine |
 |
å utvikle fagleg tilhøyrsle
og sosialt fellesskap |
| 
|
å betre gjennomføringa av ph.d.-studiet |
Forskarskulen
er leidd av professor Øivin Andersen,
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og førsteamanuensis Kari Haugland, Institutt for framandspråk, i samråd med ei koordineringsgruppe samansett
av representantar frå lingvistikk og språkfaga.
Koordinator er (f.o.m. 01.08.09) Martin Paulsen, Institutt for framandspråk.
Forskarskulen starta verksemda si i oktober 2004 og har eit program
som følgjer ein fleksibel årssyklus.
Forskarskulen er oppretta for doktorgradskandidatane innanfor språkvitskap
og filologi ved Universitetet i Bergen, men ønskjer
kandidatar frå andre lærestader velkomne, i den
grad det er plass.
Kontakt: Martin Paulsen