Universitetet i Bergen : HF-fakultetet

 

Tilsette v/UiB

Studentar v/UiB

Søk i HFs www

 

Andre
universitet
og høgskolar

 

Stadnamnarkivet

Kontaktperson: Ole-Jørgen Johannessen

På Stadnamnsamlinga er det arkivert namnemateriale frå heile landet, mest frå Hordaland. Dei aktuelle namnelistene inneheld fleire hundre tusen stadnamn. Mange av namna er førde over på kartotekkort. Størsteparten av listene og korta er skanna slik at tilfanget kan bli lettare tilgjengeleg. Eit par hundre tusen namn er i tillegg dataregistrerte. Dei fleste namna som er samla inn i dei siste tiåra, er plasserte på kart (då helst ØK).

Grunnlaget for Stadnamnsamlinga og arbeidet som har tilknyting til samlinga, vart på mange måtar lagt av namnegranskaren Gustav Indrebø (1889 - 1942). Kring 1930 organiserte Indrebø ei storstilt innsamling der skuleelevar frå nær sagt heile landet skreiv ned stadnamn på heimstaden sin.

Gjennom samarbeid med dei ulike kommunane der namna høyrer heime håpar me å kunna gjera ein god del av namnetilfanget tilgjengeleg på internett. I samarbeid med Austevoll kommune, Austevoll kraftlag, Hordaland fylkeskommune og Norkart har instituttet gjennomført eit prosjekt der heile namnematerialet frå Austevoll er digitalisert og lagt ut på nettet. På desse nettsidene er det både namn, namneopplysningar, kart, ortofoto og ei lydfil til kvart namn. Eit liknande prosjekt er i gang i Bergen.

 

Nordisk institutt
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7
5007 BERGEN

Tlf.: 55582400
faks: 55589660
E-post:
post@nor.uib.no

Oppdatert 00.00.00 av NN

Tilbake til hjemmesiden