Studieplan teatervitskap bachelornivå

 

 

Fagomtale

 

Teatervitskap er studiet av scenekunst, scenekunsten sine føresetnader og uttrykksformar i skiftande tidsepokar. Studiet fokuserar på teateret sine ulike element og korleis desse vert lenka saman til den ferdige produksjonen som vert presentert for eit publikum. Kunnskap om teaterhistorie og innsikt i teaterproduksjon gjev studentane ei auka forståing for teater som kunstnarleg uttrykk. Den samanhangen teaterforestillinga er ein del av er også viktig for forståinga, og teaterførestellinga vert kontekstualisert i forhold til den kulturen og historia ho er ein del av. Det historiske, dramaturgiske og estetiske studiet av teateret dannar eit grunnlag som skal setje studenten i stand til å føretaka analysar av samtidige førestellingar. Teoretisk og metodisk tar studiet utgangspunkt i emne innan fagdidaktikk, teaterhistorie, dramaturgi, regi og skodespelarkunst, i tillegg til generell kulturteori om den konteksten teateret er ein del av.

 

Teatervitarar er kvalifiserte for ei rekkje ulike jobbar. Faget er godkjend for undervisning i skolen og det kan nyttast i anna pedagogisk verksemd. Journalistisk verksemd og arbeid innan teater- og kulturadministrasjon er andre jobbområde.

 

 

Emneoversikt og studieprogrammer bachelornivå

 

Studiane på bachelornivå i teatervitskap består av seks emnar, kvar på 15 studiepoeng.

 

Kode


Namn


Stp.


Sem.

TEAT111

Teatervitskapleg fagdidaktikk. Eldre teaterhistorie og genreteori

15

H

TEAT112

Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar

15

V

TEAT113

Dramaturgi og regi

15

V

TEAT114

Skodespelarkunst, kritikk og scenografi

15

H

TEAT211

Teaterestetikk og teaterteori

15

H/V

TEAT212

Sjølvvalt fordjuping i teatervitskap med emneoppgåve

15

H/V

 

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtalane.

 

Du kan studere teatervitskap som del av ein ”fri” bachelorgrad eller som ein del av et tilrettelagt studieprogram.

 

Teatervitskap deltar i to tilrettelagte bachelorprogrammer:

 

Bachelorprogram i estetiske fag

Alle emnar innan litteratur kunst og teater er valfrie.

Til ein spesialisering innan teatervitskap krevs 90 studiepoeng innan teatervitskap.

 

Bachelorprogram i moderne kunst og estetikk

Her er TEAT112 (Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar) saman med emnar innan litteratur og kunst obligatorisk.

Til ein spesialisering innan teaterviteskap krevs 90 studiepoeng innan teatervitskap.

 

For å begynne et mastergradsstudium i teatervitskap http://www.hf.uib.no/i/ikk/master.htm er det ein føresetnad å ha spesialisering i teatervitskap (90 studiepoeng, dvs. alle fire 100-emnar samt begge 200-emnar).