|
Universitetet i Bergen : HF-fakultetet
|
![]() |
|
Andre
|
Namn og NemneKontaktperson: Gunnstein Akselberg Namn og Nemne er det nasjonale tidsskriftet for norsk namnegransking (onomastikk). Det er ein vitskapleg publikasjon som vender seg til og publiserer arbeid av alle som interesserer seg for norsk namnegransking i vid meining. Alle emne med rimeleg tilknyting til studiet av namn i Noreg og norske namn i utlandet kan takast opp til drøfting i tidsskriftet – diakront og synkront: Utgreiingar og diskusjonsinnlegg om allmenne spørsmål, særleg spørsmål knytte til metodikk og terminologi, og vidare emne vedrørande stadnamn, personnamn, husdyrnamn og andre namn, og bokmeldingar. Artiklane har oftast ei framstillingsform som gjer at ikkje-fagfolk kan lesa dei. Tidsskriftet vert utgjeve av Norsk namnelag (NNL) som har til føremål å vekkja interessa for og styrkja kjennskapen til namn, namnevitskap og namnevern. Det gjeld stadnamn, personnamn, namn på husdyr osb., dvs. heile namneskatten i samfunnet, medrekna samiske og finske (kvenske) namn. Viktigaste oppgåva til namnelaget er å gje ut det nasjonale namnetidsskriftet Namn og Nemne. Namn og Nemne føyer seg inn i ein god europeisk tidsskrifttradisjon. I Norden merker Sverige seg ut med to namnetidsskrift, som begge har ein sterk nordisk profil: stadnamntidsskriftet Namn och Bygd, som no går i sitt 85. år, og personnamntidsskriftet Studia Anthroponymica Scandinavica, som i år kjem i sin 15. årgang. Det er viktig å merka seg at det i Sverige også kjem det ut to viktige årsskrift, Ortnamnssällskapets i Uppsala årsskrift (OUÅ) og Sydsvenska ortnamnssällskapets årsskrift (SOÅ). Danmark, Finland og Island manglar diverre nasjonale namnetidsskrift, men islendingen »órhallur Vilmundarsson sender med ujamne mellomrom ut sitt eige stadnamntidsskrift Grímnir, som hovudsakleg har stoff om islandske namn. Grímnir har kome med tre nummer, det siste i 1996. På Kontinentet er den onomastiske tidsskrifttradisjonen solid, men ingen stader er tradisjonen så ubroten som i Sverige. I England finst det nasjonale tidsskriftet Nomina, og i Tyskland kjem det ut fleire namnetidsskrift av nasjonal karakter, m.a. Namenkundliche Informationen og Blätter für oberdeutsche Namenforschung. I Italia finst det nystarta Rivista Italiana di Onomastica, som kom ut fyrste gongen i 1995, medan t.d. namnetidskrifta i Spania, Toponimiá, i Austerrike, Österreichische Namenforschung, og i Holland, Naamkunde, har ein lengre tradisjon bak seg. På det nordamerikanske kontinentet vert det amerikanske Names og det canadiske Onomastica Canadiana gjevne ut. Dessutan må nemnast den internasjonale namneorganisasjonen ICOS (International Congress of Onomastic Sciences) sitt namnetidsskrift Onoma og det sentrale internasjonale namnetidsskriftet Beiträge zur Namenforschung. I denne sterke europeiske og internasjonale tidsskrifttradisjonen har tidsskriftet vårt viktige oppgåver å fylla. Namn og Nemne er fyrst og fremst eit sentralt organ for norske stadnamninteresser her heime, men det er også eit viktig organ for norsk namnegransking sett i ein større internasjonal samanheng. Gjennom Namn og Nemne får det internasjonale namnemiljøet kunnskap om sentrale sider ved norsk namnegransking, og gjennom Namn og Nemne kan vi formidla internasjonale forskingsresultat med relevans for norsk namnegransking, og på dette viset kommuniserer vi fagleg med namnemiljøa i utlandet. Det er nok den fagredaksjonelle profilen til Namn og Nemne dei fleste lesarane legg merke til, og her har Namn og Nemne to sentrale oppgåver. Publikasjonen skal både reflektera 'Stand der Forschung', men han bør òg vera med å staka ut forskingsprofilen for den komande norske namnegranskinga. Norsk namnelag gjev også ut meldingsbladet Nytt om namn der det finst ulike meldingar, som t.d. informasjon om hovudoppgåver og annan aktuell namnelitteratur (m.a. rapportar, artikkelsamlingar, oppslagsverk, referanseverk, handbøker og sentrale artiklar i andre tidsskrift), om namnekonferansar, om normeringsspørsmål, om namnetvistar, og namnelova, om innvandrarnamn osb. Både Namn og Nemne og Nytt om namn er publikasjonar der både forskarane og det allment interesserte namnepublikumet kan verta oppdatert om utviklinga i faget. Namn og Nemne kjem éin gong for året, Nytt om namn to gonger. Redaksjonen for Namn og Nemne er ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Fyrste nummeret av Namn og Nemne kom i 1984. |
|
|
|
Nordisk
institutt |
Tlf.:
55582400 |
Oppdatert 00.00.00
av NN |