For studentar

Fagutvalet har si eiga heimeside.

Studiekonsulent er Anders Kulseng tlf. 55 58 30 28.

Studie- og pensumplanar, undervisningsoversikter og opplysningar om gjesteforelesningar og andre faglege arrangement, finn du via Studentportalen.

Universitetsbiblioteket har laga ei ressursside. Her er lenka: http://www.ub.uib.no/fag/hf-fag/religion/index.htm.

Eit oversyn over kva tidlegare studentar har skrive om finn du på sida Hovudfags- og mastergradsoppgåver i religionsvitskap. For idéar til mastergradsprosjekt, sjå også Prosjekt. Gode råd om utforming av prosjektskisse og mastergradsoppgåve finn du på adressa http://www.sv.uit.no/seksjon/religion/hovedfag/hvordan_skrive.htm.

Norsk religionshistorisk forening (Norwegian Association for the History of Religions) er ein organisasjon for religionsvitarar, religionslærarar og andre med interesse for religionhistorisk forsking. Organisasjonen arbeider for å fremma religionsvitskapen som forsknings- og undervisningsfag og for å fremma norsk religionsvitskapleg forsking internasjonalt. Dette skjer gjennom symposium, fagpolitisk debatt og gjennom samarbeid med foreninga sine internasjonale samarbeidspartnarar. Medlemmar får tilsendt Chaos. Skandinavisk tidsskrift for religionshistoriske studier, som kjem ut to gonger i året. Meir informasjon finn du på foreinginga sin nettstad.

Ved Lunds Universitet blir internettidsskriftet anper - antropologiska perspektiv på religion utgitt.

International Association for the History of Religions gir ut Numen, International Review for the History of Religions, redaktør er Einar Thomassen. Tidsskriftet er tilgjengeleg på internett og kan lesast av alle knytta til UiBs server. Gå til UBBs Elektroniske tidsskrifter ved UiB.