Det ville sjølvsagt ha vore høgst absurd å redusera rikdommen
i den russiske filosofien til nevrosar og kompensasjonar. Korkje
metafysikk, ideologi eller kultur kan førast tilbake til psykologi
og psykoanalyse. Men som filosofien har psykologien sitt å yta
i feltet for kunnskap og forståing. Og utanfor dette feltet
er knapt noka seriøs fortolking av filosofien, heller ikkje
den russiske, mogeleg.
Det er særleg viktig å hugsa på dette i dag, i ein situasjon
med ei akutt identitetskrise og pinesame forsøk på å gjenoppretta
dei gløymde tradisjonars brotne band, der ideologiske og utopiske
paradigme innanfor den russiske filosofien oppnår eit liv nr.
2. Igjen «den russiske ideen»! Igjen «den særskilde vegen»,
igjen «originalitet». […]
Det er som om dei gjennomlevde tiåra ikkje betyr noko og som
om vår erfaring ikkje byr på noko anna enn brot, fornedring,
maktesløyse og tap av minne. Det ideologiske «over-eget» skaper
på nytt ei verd etter lovene for den sadomasokistiske messianismen.
Og det utopiske tilbakeblikket – utopien om gjenfødinga av det
som liksom er den paradisiske fortida – senkar på nytt medvitet
ned i det kollektivt umedvitne sine mørke mytar. «Religiøs filosofi
er i seg sjølv myteskaping», skreiv Berdjaev ein gong. Og sant
nok: I tillegg til at den ortodokse fundamentalismen breier
om seg, fører den utopiske myteskapinga – for n’te gong – igjen
filosofien tilbake til den inngrodde originalitetsnevrosen.
Symptoma er dei same: xenofobi, frykt og intoleranse overfor
annleistenking, tautologiar, projektivisme, overaksiologiske
idear, nasjonalt stordomsvanvidd, forfølgingsvanvidd, mistanke
mot potensielle omvurderingar, vissa om å sitja med svara på
alle spørsmål, religiøs obskurantisme.
Alt dette er utan tvil eit resultat av ein fortrengingsprosess.
Men kva er det som blir fortrengd? [E.V. Barabanov, 1991, ”Russkaja
filosofija i krizis identičnosti,” Voprosy filosofii 8, ss.
102–116, s. 116.]