Forskinga
Senter for Midtausten- og islamske studiar: Seminarer
Løpande
Masterseminar
Senteret arrangerer i samarbeid med Historisk institutt eit tverrfaglig masterseminar for Midtausten, med skiftande tema kvart år. Seminaret inngår i Midtausten-seminaret for Historie, men kan også tas som ein eigen eksamensmodul (SANT 315). Temaet for våren 2004 er "Modernitet i Midtøsten: Historie, makt og orientalisme".
Senteret arrangerer seminarrekker rundt sentrale 'forskingsfokus' ved Midtausten-miljøet i Bergen.
Indiske hav
Seminarrekka "Kultur og samfunn rundt det indiske hav" starta hausten 2000 og tar opp temaer om migrasjon og kulturkontakt frå Afrika til Søraustasia.
Frå 2003 er seminarserien ført vidare ved Historisk institutt. Kontakt Eivind Seland for detaljar.
Gjesteforelesingar
I tillegg arrangerer Senteret med jamne mellomrom gjesteforelesingar i ulike emne, ved forskarar frå ut- og innland. Slike blir annonsert i UiB's "Meldingstavle", forskarar og studentar ved UiB som har epost kan også få direkte informasjon om desse ved å melde interesse til Senteret.
Tidligare seminarrekker
2003: Gender and islam
Seminarserien var eit samarbeid mellom SMI og Senter for kvinne- og
kjønnsforskning, og var knytta til den internasjonale konferansen
"Gender, Religion and Change in the Middle East: 1800-2000" den 27-29
november 2003 ved Senteret og Historisk Institutt ved UiB.
2001: Islam i Europa
Innanfor forskingsfokuset "Samspelet mellom islam og samfunn" vart det arrangert eit seminar med tema "Islam i Europa". Det tar opp ulike sider ved muslimars liv or muslimsk organisering i Norge, Europa og andre diasporaer i Vesten. Temaet vil bli halde fram i andre formar av IMER-programmet og Seksjon for religionsvitskap, evt. i samarbeid med Senteret.
1998: Political Language, Action and Religion
This was a seminar series organized collectively by the CSIC, Madrid, Dept of History of Religion, University of Lund and the Middle East Centre in Bergen. It was part of the European research project "Individual and Society in the Muslim Mediterranean World". The seminar discussed the role of religious language in the formation of political action, from a variety of angles. During spring 1997, it was located in Madrid, in the autumn of 1997 two sessions were held in Lund, while Bergen took over in 1998. Local speakers were interchanged between Lund and Bergen, and we also invited some speakers from Europe, including Maribel Fierro.
1997: Islamsk lov i teori og praksis
Dette var ei forelesingsrekke for studentar og, om ønska, forskarar, som tok opp teorien bak islams jurisprudens (usul al-fiqh) og oversikt over korleis lova vart praktisert i historisk tid. Forelesar var leiar ved Senter for Midtausten-studiar, Knut S. Vikør. Gjekk våren 1997, mars-mai. Temaet vil trulig bli inkorporert som kurs i studieprogrammet i Midtausten-kunnskap seinare. Sjå også sidene til Nettverket for sharia-studiar i Norge.
1995-96: Politisk islam
Seminaret gjekk 1995-96, og tok opp forholdet mellom "islam" og "politikk" ut frå ei empirisk ramme; med den hensikt å komme bak allmenne og mediefokuserte begrep som "islamisme", "fundamentalisme" etc. og finne kva slags variasjon det faktisk er mellom ulike inkarnasjonar av "politisk islam", og i kva grad vi kan sjå denne interaksjonen vere knytta til lokale, "ytre", forhold vs. allmenne, "indre" islamske begrep.
Innleiarar var forskarar og forskingsstudentar i Bergen, som brakte empiri frå sine forskingsområder, dels allmenne oversikter over landets situasjon i dag, dels resultatar av eigen forsking inannfor ramma "islam og politikk". Det er meininga å samle innlegga til ei bok for eit norsk publikum.
På servaren finn ein:
1989-97: Prosjektseminar
I ulike periodar vart det arrangert studentstyrte prosjekt-seminar for hovudfags- og doktorstudentar i Bergen.
|