Islams tre heilagstader

Ein studie av eit muslimsk fargetrykk

av

Richard Johan Natvig

(Klikkar du på bildet får du ein større versjon [92Kb].)

Tekstane på bildet i omsetting
Dei små medaljongane i hjørna: namna på "dei fire rettleidde kalifane": Abu Bakr, Umar, Uthman og Ali.
Dei to store medaljongane: den høgre: "Gud, mektig og opphøgd er Han!" - den venstre: "Muhammad, [Guds] fred over han!"
Det øverste tekstfeltet: 1. "I Guds, den Barmhjertige Forbarmarens namn."
2. "Det er ei plikt for menneska andsynes Gud å dra på pilgrimsferd til Huset, så framt dei finn utveg til det." sure 3 ("Imrans slekt") vers 96 (91).
3: "Han (Profeten), Guds signing og fred over han, sa:"
4: "Ikkje bind på sadelen unntatt for tre bønneplassar/moskéar: Den heilage bønneplassen/moskéen, denne bønneplassen/moskéen min, og al-Aqsa-bønneplassen/ moskéen." (hadith)
Bildet til høgre, Den heilage moskéen i Mekka: "Der er det tydelege teikn, Abrahams plass, og den som trer inn i det er trygg." vers 96 (91) av sure 3 (jf. linje 2 ovafor).
Bilda til venstre: al-haram ash-sharif i Jerusalem: "Han vere lovprisa, som førte tenaren Sin om natta frå Den heilage bønneplassen til Den mest fjerntliggande bønneplassen." Sure 17 ("Nattereisa"), vers 1.
Midtfeltet: Profetens moské i Madina: 1. "Sanneleg, du har ein høg (moralsk) karakter", sure 68 ("Pennen"), vers 4.
2. "Mellom grava mi og preikestolen min er ein hage [som er ein] av hagane i Paradis." (hadith)
3. "Den som vitjar grava mi vil få rett til forbøna mi!" (hadith)

Vi har framfor oss eit fargetrykk eg kjøpte i 1980 av ein gateseljar i Zaqaziq, om lag åtte mil nordaust for Kairo i Egypt. Originalen er litt større enn eit A4-ark (h25xb36 cm), bakgrunnsfargen er gul, skrifta er blå, to store "medaljongar" har rosa bakgrunnsfarge, og fire mindre "medaljongar" i hjørna går meir i rødt/oransje. Den øvste tredjedelen av trykket er dominert av dei to store "medaljongane" og fire linjer med tekst. Den nedste to-tredjedelen består av tre bildefelt, også med tekst. Bilda går i lyseblått (himmel), brunt, rødt og grønt. Fargetrykket er av svært dårleg kvalitet, bilda er grumsete og utydelege. I det heile tatt er det lite som tiltalar den estetiske sansen til observatøren. Det einaste som kan seiast å vera vakkert, og tydeleg, er kalligrafien, særleg den som gjengir sitat frå Koranen. Men det er nok heller ikkje det estetiske som er målsettinga med trykket.

Tekststykket er omslutta av to store "medaljongar". Den til høgre inneheld ordet allah, "Gud", og med lita skrift, ei lovprising: "GUD, mektig og opphøgd er Han!", står det. I medaljongen til venstre står det: "MUHAMMAD", og med lita skrift, "[Guds] fred over han!". Dei mindre medaljongane i hjørna inneheld namna på dei fire første kalifane, dei fire "rettleidde" (sjå t.d. John L. Esposito, Islam. The Straight Path, s. 37ff.). Lest frå høgre til venstre (som ein arabisklesande vil gjera det), først oppe og deretter nede, står dei i den rekkefølga dei regjerte: Abu Bakr, Umar, Uthman og Ali. Dersom vi var i tvil ville i alle fall dette vera eit sikkert teikn på at det er eit sunni-muslimsk fargetrykk vi har for oss: dei tre første kalifane ville ikkje hatt noen plass her dersom det var eit shiittisk fargetrykk (sjå Islam. The Straight Path, s. 39).

Motivet i det høgre bildefeltet er lett gjenkjenneleg, det viser Den heilage moskéen i Mekka med Kabaen i sentrum. Feltet i midten består av to bilde, begge frå Profetens moské i Medina, medan dei to bilda i det venstre bildefeltet viser Klippedomen øverst og al-Aqsa-moskéen, begge på tempelhøgda i Jerusalem. Vi merker oss at det midtre bildefeltet frå Profetens moské er større enn dei to andre. Det er altså islams tre mest heilage stader som blir viste fram, og som vi skal sjå er dei også tema for teksten på trykket.

Nedst til høgre, under bildekanten, står den heller prosaiske opplysninga om at trykket kan bestillast hos utgivaren Muhammad Ali Gundi.

I det følgjande skal vi sjå nærare både på det tekstlege innhaldet og på bilda.

 

Tekstfeltet

Tekstfeltet over bilda fungerer som overskrift og innleiing til "lesinga" av bildefeltet. Øvst står å lesa den såkalla basmala, av b-ismi 'llahi 'r-rahmani 'r-rahimi, dvs.: "I Guds, Den Barmhjertiges, Den Nåderikes, namn." Basmalaformularet innleier alle suraene i Koranen, med unntak av sura 9. Det blir også sagt fram ved byrjinga av alle religiøse handlingar (unntatt offer), slik som i den rituelle bøna, rituell reinsing osv., når ein skal byrja eit måltid, i det heile tatt når ein skal starta på noe nytt, og det står gjerne i byrjinga av bøker. Her fungerer basmalaen dels som den naturlege innleiinga til Koransitatet som følger, men først og fremst som innleiing til bildetrykket som eit heile. Lesinga eller framseiinga av basmalaen helgar situasjonen som "lesaren" av bildetrykket er ved å tre inn i.

I linje 2 les vi: "Det er ei plikt for menneska andsynes Gud å dra på pilgrimsferd til Huset, så framt dei finn utveg til det." Dette er for muslimar eit svært godt kjent Koran-sitat, henta frå sure 3 ("Imrans slekt"), vers 96 (vers 91 i den norske omsettinga av Einar Berg), og slår vi opp i Koranen finn vi at det utgjer andre halvdelen av verset. "Huset" er Kabaen i Den heilage moskéen i Mekka, og på bildet av Den heilage moskéen og Kabaen nede til høgre på bildetrykket finn vi første halvdelen av det same verset. Vi kjem tilbake til dette verset.

Orda i den neste linja (linje 3) er eit velsigningsformular som alltid innleier sitat av Profeten Muhammads ord: "Han, Guds signing og fred over han, sa:". Her er subjektet (Profeten) underforstått, i andre tilfelle vil det stå t.d. "Guds sendebod sa", osb., eller "Herren vår, Muhammad, sa", osb. Vi forstår altså at det no kjem ei Profet-utsegn, altså eit sitat frå ein hadith (th utt. som på engelsk i ordet "thin"), ei fortelling der Profetens ord og handlingar blir gjenfortalde. At det no kjem ein annan type tekst kan vi også sjå av skrifta. Medan Koransitatet er i den tydelege naskh-skrifta, er det følgjande hadith-sitatet skrive i ei kursivskrift (nastaliq-skrifta?). Også dei andre hadith-sitata på trykket er i denne skrifta; prøv å finna dei!

Velsigningsformularet blir brukt om Profeten og berre han, andre velsigningsformular blir brukte om f.eks. dei fire kalifane eller andre framståande personar: "Må Gud vera nøgd med han!".

I linje 4 står det så: "Ikkje bind på sadelen unntatt for tre bønneplassar/moskéar: Den heilage bønneplassen/moskéen, denne bønneplassen/moskéen min, og al-Aqsa-bønneplassen/moskéen." Dette er, som vi forventa etter linje 3, ein hadith, og med hjelp av ein hadith-konkordans finn vi fleire variantar av den, t.d. fire i Bukharis samling, og ei rekke andre i dei andre kjende hadith-samlingane (sjå Islam. The Straight Path, s. 81 om hadith-samlarane).

Uttrykket "binda på sadelen" er ein talefigur for "å legga ut på reise" - vi må tenka oss inn i 600-talets arabiske transportmiddel. masjid (pl. masajid - uttal j'en som på engelsk: dsj), ordet som eg har omsett med "bønneplassen/moskéen", betyr eigentleg staden der ein utfører sujud, dvs. prostrasjonane i bønneritualet, og slik er det også blitt termen for bygninga der dette foregår, det betyr altså også "moské". (Vårt ord "moské" er forøvrig avleidd av det arabiske masjid, via spansk "mezquita" og deretter fransk "mosquée" eller tysk "Moschee".)

Dette er for ein muslim ein velkjend hadith - ein av mange - som gir profeten Muhammads anbefaling av heilagdommen i Jerusalem ved sida av dei to andre heilagdommane. Nå eksisterte det sjølvsagt ingen moské i Jerusalem på Profetens tid, så dersom det var hans ord måtte vi oversetta masjid med "bønneplass" eller "heilagdom", og det måtte referera til jødane sin heilagdom. Men i muslimsk forståing av denne hadithen er det snakk om den kjende al-Aqsa-moskéen på tempelhøgda i Jerusalem, som er avbilda nederst til venstre på fargetrykket. Dei to andre moskéane hadithen omtaler er Den heilage moskéen, al-masjid al-haram, i Mekka, avbilda nede til høgre, og Profetens moské (al-masjid al-nabawi eller al-masjid al-rasul) i Medina, avbilda på midtfeltet.

Med Koransitatet om pilgrimsferda til "Huset" eller Kabaen og hadithen om dei tre heilagdommane er bilda nedafor blitt introduserte og plasserte i samanheng med kvarandre. La oss no sjå nærare på bilda og bildetekstene.


Bildefeltet

Bildet til høgre, Den heilage moskéen i Mekka:
Koranteksten i himmelen over moskéen seier: "Der er det tydelege teikn, Abrahams plass, og den som trer inn i det er trygg." Som alt påpeikt er dette første halvdelen av det verset som alt er sitert ovafor, vers 96 (91) av sure 3 (jf. linje 2 i bildet). Dette er eit velkjent vers for ein muslim, det same er konteksten, men for oss som ikkje kjenner Koranen så godt, her er versa 94, 95 og 96 (89, 90 og 91 i Einar Bergs norske omsetting) i samanheng:

[94:] Sei: "Gud taler sant, så følg Gud-søkjaren Abrahams religion. Han var ingen avgudsdyrkar." [95:] Det første Huset som blei grunnlagt for menneska er det i Bakka [dialektal form for Makka, dvs. Mekka], til signing og rettleiing for all verda. [96:] Der er det tydelege teikn - Abrahams plass, og den som trer inn i det er trygg. Det er ei plikt for menneska andsynes Gud å dra på pilgrimsferd til Huset, så framt dei finn utveg til det. Og om nokon er vantro, så er Gud seg sjølv nok, og treng ikkje verda.

Versa er blant dei koranske grunnlaga for den såkalla femte "søyla" (Islam. The Straight Path, s. 89ff.), hajj - den obligatoriske pilgrimsferda, men også for dispensasjonen frå å utføra ferda: det er berre dei som er i stand til det som pliktar å dra på hajj. Versa er også blant dei som knyter islam og heilagplassane i Mekka til Abraham, og må også sjåast i samanheng med polemikken mot jødane. Versa rett framfor sitatet vårt polemiserer mot jødane sine matforskrifter. I løpet av stridene i Medina med jødane (og kristne) presenterte Muhammad den tanken at Abraham, som representant for den sanne Gudstrua, hadde stifta Kaba-kulten i Mekka saman med sønnen Ismail. Ifølgje denne tanken representerer jødane ein seinare religion, stifta av Moses (og kristendommen ein endå seinare religion). Muhammad identifiserte derimot sin eigen religion islam med religionen til patriarken Abraham, og gjorde dermed krav på ein forrang framfor jødedommen (og kristendommen) for seg og sitt trusfellesskap. Dermed kunne også overtakinga eller vidareføringa av dei heidne (ikkje-islamske) arabarane sin Kaba-kult innanfor islam rettferdiggjerast. For: Kaba-kulten, saman med andre riter først og fremst knytta til hajj, blei sett som på element av Abrahams religion, altså ur-islam, riter som var blitt gløymde eller underslått i jødedommen, den jødiske varianten av Abrahams religion, og som trass i arabarane sitt religiøse forfall var blitt bevart i deira religion, om enn misforstått. Desse kultskikkane blei nå reinsa for heidenske element (f.eks. polyteisme) og tilbakeført til deira opphavlege stand og betydning, i og med Muhammads misjon.

"Huset" er som før nemnt Kaba. Ein muslimsk kommentator forklarer "hus", i dette verset som ein plass tilrettelagd for gudstenestlege handlingar, og det blir av og til omsett som "tempel". Kaba blir også kalla "Guds hus", "Det heilage huset", "Det gamle huset", det blir rekna som det første Gudshuset.

Tilbake til versutdraget vårt: "Der er det tydelege teikn, Abrahams plass, og den som trer inn i det er trygg." Ordet "det" må referera til "Huset" - som heilagplass var det knytta ein asylrett til det, jf. kirkeasyl-fenomenet hos oss. I islam er denne aylretten ført vidare på den måten at det ikkje er lov å ta liv på det heilage området i Mekka under hajj, korkje menneske, dyr eller insekt. Men kva slags teikn er det snakk om? Muslimske Korankommentatorar tolkar dette slik at dei tydelege teikna dreier seg om konkrete lokalitetar omkring Kaba, der "Abrahams plass", maqam Ibrahim, er eit slikt teikn. Hos muslimske Korankommentatorar, og i tradisjonell muslimsk forståing, er maqam Ibrahim namnet på ein stein og den vesle bygninga ved Kaba som huser denne steinen, og den plassen der bygninga står. Ordrett betyr maqam Ibrahim "Abrahams standplass", plassen der Abraham sto, og på denne steinen skal ein kunna sjå avtrykka etter Abrahams føter. (Denne steinen må ikkje forvekslast med den kjende svarte steinen som finst innmurt i eit hjørne av Kabaen.) Ifølgje Koranen sure 2, 127/121 reiste Abraham og Ismail Kaba, og noen tradisjonar knytter steinen med Abrahams fotspor til nettopp bygginga av Kaba: Abraham måtte stå på ein stein då murane var komne til ei viss høgd, og steinen løfta seg og senka seg mirakuløst for at Ismail skulle kunna langa byggestein opp til Abraham. Ein annan tradisjon fortel at fotavtrykka blei til då Abraham steig opp på steinen for å kalla folk til å utføra pilgrimsferda, hajj, til Mekka. Steinen er altså maqam Ibrahim, Abrahams standplass, og eit tydeleg teikn for dei truande den dag i dag.

Abrahams standplass blir i Koranen (Sure 2, 125/119) peikt ut som ein høveleg stad å utføra den rituelle bønnen, og Profeten skal ifølgje hadith-beretningar ha bedt der under utføringa av sin hajj. Det er obligatorisk for pilgrimar å forsøka be ei bønn ved Abrahams standplass.

Den hollandske islamforskaren Snouck Hurgronje meinte at maqam Ibrahim i Koranen opphavleg hadde tydinga "Abrahams heilagstad", og at Muhammad brukte uttrykket som eit synonym for nemninga al-masjid al-haram, den heilage bønneplassen, som ei nemning for Mekka som ein heilag stad, eller meir spesielt for det heilage området akkurat rundt Kaba. Mye talar for at han kan ha rett i det, men i denne samanhengen er det dei truande si forståing av teksten som er viktig.

Bildet frå den heilage moskéen i Mekka på fargebildet er ei fargelagt teikning av den opne plassen inne i moskéen i Mekka, det kan vera basert på eit eldre fotografi, i alle fall er det frå før ei rekke omfattande ombyggingar av moskéen og plassen starta i 1956. Muligens skildrar bildet situasjonen tidleg i dette århundret. På bildet ser vi "Huset", Kaba, frå nord - den svarte steinen er i det austre hjørnet til venstre.

Veggane til Kaba er tildekka av det svarte brokadeteppet eller "forhenget" - kiswa, også kalla "sløret" - al-burka. Kiswaen er vevd slik at shahada - truvedkjenninga (Islam. The Straight Path, s. 89) trer fram i relieff. Eit gullbrodert band går rundt heile Kabaen, fylt med sitat frå Koranen. På bildet er dette representert med ei enkel skriftlinje der det står: "Og kall menneska til pilgrimsreisa, og dei vil komma til deg til fots og på magre (kamelar)." Dette er nok eit for muslimar velkjent Koran-sitat, utdrag frå Sure 22 - "Pilgrimsferda", vers 27 (28); samanhengen er som følgjer:

(26) Då vi busette Abraham ved Husets plass: Sett ingenting ved mi side! Hald Huset mitt reint for dei som vandrar rundt det, som står der, som bøyer seg og fell ned i ærefrykt! (27) Kall menneska til pilgrimsferda, og dei vil komma til deg til fots og på magre (kamelar) frå alle djupe pass, (28) for å oververa det som er godt for dei, og å påkalla Guds namn på bestemte dagar over offerdyret, som han har gitt dei. Et av det, og gi mat til dei ulukkelege fattige. (29) La dei så utføra personleg pleie [som blir forsømt under pilgrimsritualet], oppfylla løfta sine, og vandra rundt det gamle Huset.

Kiswaen blir erstatta med ein ny kvart år. Tidlegare var den nye laga i Kairo og kom med den årvisse offisielle pilgrimskaravanen derfrå, men frå 1962 er den blitt laga i Mekka. Den nye blir hengt opp på den 10. dagen i pilgrimsmånaden (10. Dhu al-hijja = Offerfest-dagen = 28. mars 1999, 17. mars 2000; sjå Islam. The Straight Path, s. 93). Kiswaen er festa nede til bakken med hjelp av ringar og tau, men under hajj-tida ser vi at den nederste delen er løfta opp utanfor rekkevidda til folk ved hjelp av tau - for å hindra at kiswaen skal bli øydelagt av pilgrimane under sirkuleringa - tawaf - rundt Kabaen (truleg for å hindra at pilgrimar riv av stykke av stoffet for å ta med seg heim). Når den gamle blir tatt ned blir han, eller blei han i alle fall før, kutta opp i småbitar av moskévaktarane og seld som relikviar.

Døra til Kabaen, til venstre på bildet, har sitt eige forheng som blir kalla "sløret". Det er fullstendig dekka med Koranvers brodert i gull og sølv. På bildet ser vi at "sløret" til døra er trekt vekk. Døra til Kabaen er sju fot over bakken, og når Kaba skal oppnast ved spesielle høve blir ei trapp på hjul trilla bort til døra. Det einaste som er inne i Kaba er tre tresøyler som støtte for taket, ein stige opp til taket, og ei mengd med gull- og sølvlamper som heng ned frå taket.

Kaba er spesiell på den måten at dette heilage huset for det eine ikkje innheld noen spesielle heilage gjenstander, gudebilde, alter e.l.; då Muhammad overtok kultplassen blei Kaba rensa for gudebilete. For det andre er det ingen obligatoriske riter som foregår inne i Kaba. Å gå inn i Kaba er heller ikkje del av hajj.

Kaba blir likevel opna ved spesielle høve. Som regel skjer det i løpet av hajj-månaden (Dhu al-hijja), og det skjer på den 10. Muharram. Menn får sleppa inn først, deretter kvinner. Sjølv om det ikkje foregår noen foreskrivne handlingar i Kaba i samband med hajj blir det rekna som spesielt meritterande å utføra den rituelle bønnen der inne. Men det må vera få pilgrimar som får høve til å komma inn, for det er vel slik nå som tidlegare, at det kostar penger å komma inn. Eldre reisende til Mekka skildrar korleis dei måtte betala seg veg inn i Kaba, og i alle høve mi handbok for pilgrimar til Mekka og Medina inneheld inga rettleiing for eit eventuelt besøk inne i Kaba (A Guide for Hajj and 'Umra av Anis Daud Matthews, Kazi Publications, Lahore 1979). I slutten av pilgrimsmånaden blir Kaba opna og vaska etter ein bestemt rituell prosedyre.

Den kjende svarte steinen er montert i hjørnet til venstre for døra. Den delen av muren som er mellom døra og steinen som vi ser er avdekka, og som er større enn vi kan sjå på dette dårlege bildet, blir kalla multazam. Her prøver pilgrimane å pressa seg inntil veggen mens dei ber. Ifølgje pilgrimshandboka mi følgjer det spesiell velsigning å be her, det er Profetens sunna - skikk - at ein etter å ha fullført tawaf (sirkuleringa rundt Kaba) stansar her, klemmer seg inntil veggen og legg kinnet inntil, og ber. Bønner her er ekstra virkekraftige.

Til høgre ser vi ein halvsirkelforma steinmur kalla al-hatim. Under tawaf går pilgrimane utanfor muren fordi området innanfor blir rekna som ein del av Kaba. Plassen skal opphavleg ha vore ein del av grunnen som Kaba låg på, men Kaba skal altså ifølgje tradisjonen ha blitt redusert i størrelse ein gong han blei gjenoppbygd i før-islamsk tid. Men av den grunn blir bønner som blir framsagde innafor denne muren rekna som om dei blei sagt inne i Kabaen.

Området mellom muren og Kaba er kalla al-hijr eller hijr Isma'il. Hijr betyr "utskild", og her skal gravene til Ismail og mora hans, Hajar ligga. Pilgrimshandboka fortel at det blir sagt at 70 profetar er gravlagde her, inkl. Ismail og mora hans, og held fram med at det blir fortalt at Profeten låg og sov her, då Gabriel kom for å ta han med seg på himmelferda til sju himlar og til møtet med Gud, al-miraj (meir om miraj lenger nede).

I ein sirkel rundt Kaba ser vi på bildet ein gjerdeliknande struktur. Dette er ein rad med slanke, omtrent tre meter høge, messingsøyler, som det er strekt tau eller ståltråd mellom. Frå desse heng det lamper som lyser opp plassen når mørket fell på. Dette er ein av indikasjonane på at bildet er frå før ombyggingane tok til i 1956 - i dag er det eit nytt elektrisk lyssystem på området. Området mellom denne lamperekka og Kabaen med hijr Isma'il blir kalla mataf, som betyr staden der rundgangen, tawaf, foregår. I dag er mataf betydeleg utvida for å gi plass til det store antallet pilgrimar, årleg er det no opp mot 2 millionar.

I venstre forgrunnen på bildet og lenger bak til venstre ser vi andre mindre bygningar: Den vesle bygninga nærast med ein liten kuppel på taket er "Abrahams standplass", som er nemnt i verset over bildet. Bygninga inneheld steinen som Abraham skal ha stått på. I dag er steinen innebygd i ein annan mye mindre bygning, beståande av glas og jernstenger med ein mindre kuppel, og flytta på for å gi betre plass til tawaf. Pilgrimshandboka instruerer pilgrimen til å be her, etter bønnen ved multazam.

Til høgre for "Abrahams standplass" står ein minbar - "preikestol", også denne er trekt lenger vekk i dag. Bygninga til venstre lenger bak er truleg ein av dei små bygningane som var sett opp for kvar av dei fire sunni-lovskolane (Islam. The Straight Path, s. 76f.), eigentleg som beskyttelse for imamen, bønneleiaren, under den rituelle bønnen, salat. Hanafi-, maliki-, og hanbalilovskolane hadde kvar sin, medan shafiilovskolen brukte bygninga over Zamzam-brønnen. Den vi ser på bildet er antakeleg den bygninga som hørte til Hanbali-skolen. Til tider har det vore misunning mellom lovskolane p.g.a. at den eine eller den andre av bygningane var vakrare enn dei andre. Også desse bygningane, utanom Zamzam-bygninga som er fullstendig nykonstruert, er fjerna etter ombyggingane som har pågått sidan 1956, dels for å gi betre plass til pilgrimane, men også som eit ledd i dei "økumeniske" bestrebelsene der forskjellane mellom dei ulike lovskolane har fått mindre og mindre betydning i dagens islam.

I bakgrunnen ser vi litt av søylegangane som går rundt heile den opne plassen berre avbrutt av dei mange portane inn, vi ser to av dei sju minaretane, og noen av dei omliggande profane bygningane i byen.

Til andre delen av forelesinga

Tilbake til start