|
|
Bachelor i Midtaustenkunnskap
Studieplanar HIM 101:
Oversikt over Midtaustens historie
HIM 101
Vekting 15 studiepoeng
Navn "Oversikt over Midtaustens historie"
Undervisning Vår
Eksamen Når undervist
Fagomtale
Emnet inngår i det obligatoriske grunnlaget for Studieprogrammet
i Midtausten-kunnskap. Emnet kan òg studerast uavhengig av dette
bestemte studieprogrammet.
Emnet gjev studentane ein oversikt over Midtaustens historie frå
600-talet fram til i dag. Midtausten er her i hovudsak definert som
området frå Nord-Afrika til Iran.
Emnet legg vekt på den politisk historia og dei lange linene.
Utviklinga av islam som religion og sosio-politisk normsystem vert
òg studert, i tillegg til utvalde kulturhistoriske og økonomiske
tema.
Det overordna perspektivet vil dels vere orientert mot dei langvarige
strukturane, dels mot viktige endringsprosessar og dels mot aktørane
på gruppe og individnivå.
Historisk teori og metode er ein del av pensum og undervisninga.
Målsetting
Emnet skal gje studentane grunnleggande kunnskapar om dei viktige fasane
så vel som dei lange linene i Midtaustens historie frå
600-talet og fram til i dag. Vidare skal studentane få noko innsikt
i karakteristiske trekk ved statsdanningar, administrasjon, politikk,
samfunnstilhøve og islams utvikling. Dette vil gjere studentane
betre istand til å forstå Midtausten idag. Til sist vil
studentane få grunnleggande innsikt i historisk teori og metode.
Tilrådd startgrunnlag
Studiet krev generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er
ein føresetnad.
Innhald og struktur
Studiet bygger på eit pensum på rundt 1300 - 1500 sider,
inklusive teori og metode, samt ei rekke forelesningar som skal tene
til å utdjupe og utfylle pensum. I tillegg til forelesningane
vil det bli arrangert oppgåveseminar knytta til internett. Det
blir gjeve undervisning i emnet normalt berre i vår-semesteret.
Eksamen
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten
av semesteret.
Evaluering
Studentane kan bli bedne om å evaluere emnet.
PENSUM
- Vikør, K. Ei verd bygd på islam. Oversikt over
Midtaustens historie. 2.utg., Oslo 2004.
- McCarthy, J. The Ottoman Turks. An Introductory History to 1923.
London 1998, side 67-282.
- Cleveland, W. A History of the Modern Middle East. 3. utg.,
Boulder 2004, side 57-540
- Pappé, I. The Modern Middle East. London 2005,
side 39-161 & 223-267.
- Macfie, A. Orientalism, London 2002, sider 73-148 &
186-217
- Knut S. Vikør, Maghreb: Nordafrikas historie etter 1800.
Oslo 2007
- Lapidus, I.M.: A History of Islamic Societies. 2 edn.
Cambridge 2002, s. 56-80 & 103-32. *
- W.M Watt: "The place of economic and social factors",
i Watt, Islam and the integration of society, London 1961;
s. 4-42 *
- M. Rodinson, "Economic practice in the Muslim World in the
Middle Ages", i Rodinson, Islam and capitalism, London
1973, s. 28-57 *
- E.A. Ashtor, "Agricultural conditions in the Moslem empire",
i Ashtor, A Social and economic history of the Near East in the
Middle Ages, London 1976, s. 36-70 *
- S. Goitein, "Mediterranean trade in the eleventh century:
some facts and problems", i M. Cook (ed.), Studies in the
Economic History of the Middle East, London 1970, s. 51-63 *
* = I kompendium, fåas kjøpt på Studia.
HIM 102:
Det moderne Midtausten 1880-2000
HIM 102
Vekting 15 studiepoeng
Status Del av studieprogrammet Midtaustenkunnskap, fordjupning historie
Navn "Det moderne Midtausten 1880-2000"
Undervisning Haust
Eksamen Når undervist
Fagomtale Emnet inngår i fordjupingsfaget historie i Studieprogrammet
i Midtaustenkunnskap, men kan også studerast uavhengig av dette
bestemte studieprogrammet.
1800-talet og tida etter er prega av vestleg imperialisme og vestleg
påverknad i Midtausten. Studiet vil fokusere på dei djuptgripande
endringane som pregar perioden og på prosessane bak desse, eit
tema som vi med eit fellesomgrep kan kalle modernisering. Emnet vil
særleg konsentrere seg om økonomisk, politisk og sosial
endring, framveksten av nye samfunnsgrupper, og ideologiske nyorienteringar
frå islamsk reformisme og arabisk nasjonalisme til moderne islamisme
(fundamentalisme). Endringar i kvinnenes status og rolle vil òg
stå sentralt.
Emnet vil gje studentane ei djupare innsikt i karakteristiske samfunnstrekk
i regionen ved å fokusere på tre ulike land som har hatt
forskjellige utviklingsvegar i perioden; Tunisia, Sudan og Irak. Ved
forelesingar og seminar vil studentane få kjennskap til dei prosessane
som har prega desse tre landa frå 1800-talet og fram til i dag,
gjennom koloni-erfaringar, ideologisk og politisk sjølstendetrong,
og sosial og økonomisk utvikling som heng saman med moderniseringsprosessane
i desse tre landa.
Målsetting
Emnet vil gje studentane ein djupare innsikt i karakteristiske samfunnsmessige
trekk ved det moderne Midtausten og i dei prosessane som har skapt
desse. Vidare vil studentane få kjennskap til ideologiske rørsler
og strøymingar som har prega området sidan 1800-talet
og som er dominerande også idag. Gjennom heile studiet vil teoretiske
og metodiske problemstillingar stå sentralt.
Tilrådd startgrunnlag
Studiet krev generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er
ein føresetnad. Emnet byggjer på HIM 101.
Innhald og struktur
Studiet bygger på eit pensum på rundt 1300 - 1500 sider
samt ei rekke forelesningar som skal tene til å utdjupe og utfylle
pensum. I tillegg til forelesningane vil det bli arrangert oppgåveseminar
knytta til internett. Det blir gjeve undervisning i emnet normalt berre
i haustsemesteret.
Eksamen
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten
av semesteret.
Evaluering
Studentane kan bli bedne om å evaluere emnet.
PENSUM
HIM 201:
Fordjupning i Midtaustens historie
HIM 201
Vekting 15 studiepoeng
Status Del av studieprogrammet Midtaustenkunnskap, fordjupning historie
Navn "Semesteremne"
Undervisning Haust, når HIM202 ikkje blir undervist.
Eksamen Når undervist
Fagomtale
Emnet inngår i fordjupingsfaget historie i Studieprogrammet i
Midtaustenkunnskap, men kan også studerast uavhengig av dette
bestemte studieprogrammet. Emnet består av eitt eller to emne
som vil variere frå semester til semester. Eit emne skal vere
ei tematisk og kronologisk avgrensa studieeining som inkluderer historisk
teori og metode. I undervisningskatalogen eller ved særskild
kunngjering blir det gjort kjent kva for emne det blir gjeve undervisning
i.
Målsetting
Emnet skal gje ei djupare historisk innsikt gjennom eit meir inngåande
studium av eitt eller to avgrensa emne med tilhøyrande metode-
og teorilitteratur.
Tilrådd startgrunnlag
Emnet er eit vidaregåande emne innan Midtaustens historie. Det
vil vere eit godt utgangspunkt å byggje på å ha tatt
innføringsemna HIM101 og HIM102, også andre historiske
emner eller emner innan Midtaustenkunnskap.
Innhald og struktur
Det er knytt forelesningar til studiet. Undervisnings- og emnetilbodet
vil vere avhengig av lærarressursane som til kvar tid er tilgjengelege.
Det vert utarbeidd ein emneomtale med sentrale problemstillingar
og ei pensumliste på omlag 1200 - 1500 sider. Dersom to emne
blir tilbydd vil pensum for kvart emne vere på omlag 600-750
sider.
Undervisning
Emnet blir undervist i haustsemestre. Det kan også alternere
med HIM202, varierande ut frå ressurs-situasjonen.
Eksamen
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen ved slutten av semesteret.
Evaluering
Studentane vil regelmessig bli bedne om å evaluere emnet.
Sjå Studentportalen eller Historisk institutt for oppdatert
studieplan og tema
HIM 202:
Religion og kjønn i Midtøsten
HIM 202
Vekting 15 studiepoeng
Status Del av studieprogrammet Midtaustenkunnskap, fordjupning historie
Navn "Det moderne Midtausten 1880-2000"
Undervisning Ved ujamne mellomrom, haust.
Eksamen Når undervist.
Studieplan
Fagleg innhald
Emnet går inn i fordjupningsfaget historie i Studieprogrammet
i Midtaustenkunnskap og i Studieprogrammet for kvinne- og kjønnsstudiar.
Emnet kan og studerast uavhengig av studieprogramma. Emnet tek sikte
på å gje innsikt i Midtaustens historie i dei to siste
hundreåra, med vekt på kvinnehistorie. Det vil bli fokusert
på konstituering og endring av kjønn i ein periode prega
av store samfunnsomveltningar. Sentrale faktorar her vil være
kolonialisme, modernitet, nasjonalisme og rettane til kvinnene. Det
vil bli lagt vekt på indre så vel som ytre faktorar, som
rammebetingelsar for kvinner sitt liv og virke.
Læringsmål
Emnet vil vise variasjonar i kvinner sine livsvilkår og det
generelle kjønnsrollemønsteret, i forhold til geografisk,
klassemessig og religiøs tilhørighet. Tolkning av primærkjelder
og kjønnsrelaterte problemstillingar, til dømes islamske
tolkningar av kvinnene sine livsrammer, vil òg bli gitt plass.
Studentane vil òg få innsyn i relevant historisk teori
og metode.
Undervisningssemester
Emnet vert undervist i haustsemestre, med ujamne mellomrom.
Tilrådde forkunnskapar
Det vil vere gode utgangspunkt å byggje på emne innan
historie, emne innan kvinne- og kjønnstudiar og emne innan Midtaustens
historie. Emnet passar òg godt i kombinasjon med andre emne
innan historie, kvinne- og kjønnsstudiar og Midtaustenkunnskap.
Fordjupingsemnet krev god leseferdigheit i engelsk.
Innhald og undervisning
Undervisningstilbodet er førelesningar.
Vurdering/eksamensformer
Eksamen består av ein 6-timars skuleeksamen på slutten
av semesteret.
Evaluering
Emnet vert evaluert jamnleg.
Pensumliste
- Meriwether, Margaret & Tucker Judith (red.) Social History of
women and gender in the modern Middle East Westerview Press 1999
(Introd., kap 3-4)
- Thompson, Elizabeth Colonial Citizens: Republican Rights
Columbia University Press, 2000
- Fleischmann, Ellen L. The Nation and Its "New" Women: The Palestinian
Women's Movement, 1920-1948 . University of California Press,
2003
- Okkenhaug, Inger Marie & Flaskerud, Ingvild (red.) Gender,
religion and change in the Middle East: Two hundred years of history
Berg, 2005, s. 1-66, 103-136, 155-190.
- Baron, Beth Egypt as a Woman: Nationalism, Gender and Politics
Univ. of California Press, 2005
- Camron Michael Amin: "Unveiling and Its Discontents",
In: The Making of the Modern Iranian Woman: Gender, State Policy,
and Popular Culture, 1865-1946 Gainesville: University Press
of Florida, 2002, s. 80-113.
- * Nermin Abadan-Unat "The Impact of Legal and Educational Reforms
on Turkish Women" i Women in Middle Eastern History: Shifting
Boundaries in Sex and Gender red. Nikki Keddie og Beth Baron
Yale University press, New Haven/London 1991, s. 177-194
- * Knut Vikør Mellom Gud og stat. Ei historie om islamsk
lov og rettsvesen, Oslo, Spartcus 2003. Kapittel 15: Familielov,
s. 273-90 (pluss fotnotane, til sist i boka)
* Seljas på Studia (kompendieavdelingen)
|